«Sunset is My Achilles’ Heel» (The Norwegian Parts)

Om tida er ein flaum
du ikkje klarer å forstå
og røynda er ein draum
du ikkje vågar sømne frå,
ta handa mi og hald ho mjukt i di.
Kvil deg og la natta gli forbi.

Og sjølv om du er framme
er du framleis på veg
og sjølv om du er funnen
er du endå på leit
etter det som du håpar skal skje.
Tru meg, snu deg før du fer,
du er jo allereie der
her.